Austabotnrenna


Frå Toppturar i Sogn: 15.1 Ned Nordrenna frå Vestre Austabotntind. Ein klassikar av rennene i Hurrungane. Renna er nordvendt, bratt og skuggefull. Her får ikkje sola tak i snøen. Det kan difor vere vanskeleg å finne godt føre her om våren. Det er nesten berre temperaturen som kan omskape snøen i renna. Om du planlegg alt rett etter vêr, temperatur og nedbør, kan du få ein kjempetur. Frå Vestre Austanbotntind tek du deg ned i skaret til nordrenna. Ho er ofte bratt i toppen og har fleire ulike inngangar, den slakaste er frå skaret og rett nordover.

Austabotnrenna: bilder

Tagged

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *